Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bønemøte

Onsdag

11:00

Føremiddagstreff

Torsdag

19:30

Undervisning, samtale og bøn, Stig Lekardal underviser

Fredag

20:00

Ikkje One80.

Laurdag

21:00

Ope Hus

Søndag

18:00

Stig Lekardal talar og syng. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Betel

Adresse:  Industriveien 11,  6100  Volda 

Telefon: 700 79350 


Kontonr.: 3991.35.37290 | Gavekonto.: 3991.35.37290 | Organisasjons nr.: 971 371 161



Leiarane i forsamlinga

Forsamlinga vert leia av eit eldsteråd.

Eldsterådet

Gunnar  Andås

Adresse: Nylenda 22, 6100 Volda
Telefon: 70 07 85 10
Mobil: 913 55 782
E-post: gandas@online.no

Tore  Svendsen

Adresse: Boks 19, 6101 Volda
Mobil: 48 22 30 85
E-post: tore.svendsen@hotmail.com

Jan Magne  Vartdal

Adresse: , 6170 Vartdal
Telefon: 70 04 23 43
Mobil: 90979146
E-post: janm.vartdal@tussa.com

Trond  Vartdal

Adresse: Rystene 14, 6160 Hovdebygda
Mobil: 905 20 129
E-post: trond.vartdal@tussa.com

Haldor  Aasebø

Adresse: Høgevegen, 6260 Skodje
Mobil: 928 80 077
E-post: haldor.aasebo@skodje.kommune.no

Tenar

Torstein  Bjerrknes

Adresse: ,  
Mobil: 97094152

Aster Abraha  Fishatsion

Adresse: ,  
Mobil: 45134969

Trine  Kriken

Adresse: ,  
Mobil: 47505019

Laila  Nedrelid

Adresse: Vassverkvegen 23, 6063 Hjørungavåg
Telefon: 70 09 26 02
Mobil: 97037062

Sigrid Marie  Rekkedal

Adresse: Sjømyrane 36, 6160 Hovdebygda
Telefon: 70 06 82 92
Mobil: 476 68 958

Irene  Vartdal Solheimslid

Adresse: Nordre Vartdal, 6170 Vartdal
Telefon: 70 04 23 67
Mobil: 97155724
E-post: Ir-berge@tussa.com

Barnearbeider

Lise Bae  Andersen

Adresse: Plassevegen 35, 6100 Volda
Mobil: 93616965
E-post: lisebaeandersen@gmail.com

Gunnar  Andås

Adresse: Nylenda 22, 6100 Volda
Telefon: 70 07 85 10
Mobil: 913 55 782
E-post: gandas@online.no

De Frie Evangeliske Forsamlinger

Betel i Volda reknar seg å vere ei av dei mange frie evangeliske forsamlingane i Norge. Kvar forsamling er sjølvstendig og har Bibelen som einaste rettesnor for liv og lære. Andre tilsvarande forsamlingar kan ein finne på heimesida til DFEF i Norge.  [De Frie Evangeliske Forsamlinger]  


Gåver med skattefrådrag?

Gåver til Betelforsamlinga er godkjende for skattefrådrag. Frå og med 2017 kan ein trekke frå inntil 30 000 kr pr år. Ved å betale inn pengar til Betels bankkonto, kan du sjølv krysse av kva formål pengane skal gå til. Gåver, store eller små, kan betalast inn til Betels bankkonto i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Kontonummeret er 3991.35.37290.
Vil du spesielt støtte Betels radioarbeid, kan du betale inn til Kontonummer for radioarbeid: 3991.04.73100  


Vipps

Ynskjer du å støtte arbeidet på Betel? Vi har no tatt i bruk Vipps slik at du kan få gitt pengar via mobilen din. Du må på førehand ha lasta ned appen Vipps på din mobil. Frå appen kan du søkje opp Betel på namn (Den frie evangeliske forsamling Betel Volda) eller via Vipps nummeret 121887. 


Det Gode Budskap

Dersom du vil vite meir om kva som skjer innan DFEF, samt få mykje oppbyggeleg stoff, vil vi anbefale Det Gode Budskap. Bladet kjem ut ein gong pr måned.  [Det Gode Budskap]  


Korsets Seier sin artikkel om Ope Hus

Fleire aviser og magasin har frå tid til anna skrive om Ope Hus på Betel. Korsets Seier hadde ein journalist innom i fjor haust. For den som ikkje har sett artikkelen, så kan de finne den på linken under.  [Korset Seier om OPE HUS]  


Det er mangt som skal fungere

Det er mangt og mykje som skal fungere i eit møte, og det er mange tenester som ein er avhengig av . Trond har m.a. godt tak på lyd og pc'en som matar videoprojektoren med songtekstar. 


Andakter på Omsorgssenteret

Omlag ein gong pr. mnd er ei andaktsgruppe frå Betel på Omsorgsenteret. Det er ei triveleg stund der vi syng, spelar og deler Guds ord saman. 


Sagt om Alkoholen....

Alkohol er eit løysemiddel.
Det løyser opp familier og ekteskap,
- tar bort lykke, tryggleik, framgang, intimitet og kjærleik.
- Tar også bort visjonar, håp og økonomisk inntekt,
- og til slutt, -den fysiske helsa.
OBS. Det einaste som alkoholen ikkje løyser er problem!
 


Ynskjer du nokon å snakke med?

Betel i Volda har eigen kontakt-telefon som er open kvar kveld mellom klokka 21:00 og 23:00. Ynskjer du nokon å snakke med, er det berre å ringe ein av eldstebrødrene i forsamlinga. 


Leirarbeid

Sidan 1954 har Betelforsamlinga kvart år hatt ein eller fleire junior- eller tenåringsleirar. Det starta opp i Austefjorden, men siste åra har dei fleste leirane vore haldne på Helgatun. Det er svært mange frå distriktet vårt som har gode minne frå desse leirane.  [Helgatun]  


DFEF aktiv i misjon sidan 1910

De Frie Evangeliske Forsamlinger feira i 2010 at det då var 100 år sidan dei fyrste misjonærane reiste ut for DFEF. Betel i Volda var ikkje langt etter, etter som forsamlinga sende ut si fyrste misjonærfamilie alt i 1912. Det var Marta og Mathias Støve som då reiste frå Volda til Kenya (Britisk Austafrika).
DFEF har i dag misjonærar eller misjonarbeid i Argentina, Brasil, England, Frankrike, India, Japan, Latvia, Mexico, Spania, Sri Lanka, Swaziland og Thailand.
I tillegg er dei også engasjert i arbeid i Grønland og i Ukraina.
Betel i Volda har opp gjennom åra hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Grønland, Argentina, Japan, Hong Kong og Sri Lanka.
Dei Frie Evangeliske Forsamlingar, eller dei frie vener, som dei fyrst, og ofte framleis vert kalla, har sitt opphav frå 1800-talet, men som misjonsorganisasjon, feirar ein i år 100- årsjubileum.
Sjå elles stykke i DagenMagazinete om same emnet.  [DagenMagazinet]  


Bygderadioen

Kvar Søndag kl. 11.00 og 20:00 kan du høyre ein tale frå Betel overført på Bygderadio Vest. Talen er eit opptak frå eit møte i forsamlinga. Frekvensane til Bygderadioen finn du under eige avsnitt.  [Frekvensar]  


mouseover
rolex replica uk replica watches sale replica watches