Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bønemøte

Onsdag

11:00

Føremiddagstreff

Torsdag

19:30

Undervisning, samtale og bøn, Stig Lekardal underviser

Fredag

20:00

Ikkje One80.

Laurdag

21:00

Ope Hus

Søndag

18:00

Stig Lekardal talar og syng. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Leir en

Junior og tenåringsleirar

| publisert: 12.11.2009 | Gunnar

bilde

Sidan 1954 har Betelforsamlinga kvart år hatt ein eller fleire junior- eller tenåringsleirar. Det starta opp i Austefjorden. Dei fyrste åra var det vanleg at deltakarane låg rundt om i løene til folk. I 1961 vart det bygt eige leirhus, og dette vart nytta til langt ut på 90- talet. Dei siste åra har dei fleste leirane vore haldne på Helgatun.  Det er svært mange frå distriktet vårt som har gode minne frå desse leirane.

bilde