Betel denne veka

Tysdag

19:00

Bønnemøte

Søndag

18:00

Søndagsmøte. Tale: Kari Ristesund. Lovsong: Jean-Sébastien Rouxel

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Circle K og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Artiklar

Møteoppstart og smitteverntiltak

| publisert: 21.05.2020 | Trond

bilde

Etter lang tid utan å kunne samlast til søndagsmøter er det no opna for at vi på kan samlast til møter med inntil 50 personar. Første søndagsmøte var søndag 24. mai kl. 18.00. På grunn av storleiken på lokalet vårt, kan vi ikkje vere så mange som 50 personar på grunn av krava til avstand. Vi trur at vi skal få plass til alle som ynskjer å vere med på ein trygg måte, men startar med påmelding for å ikkje risikere å måtte avvise nokon i døra. Vi har gjort nødvendige førebuingar for at du skal kunne vere trygg når du kjem på møte. Som du ser har vi møblert slik at det skal vere trygg avstand mellom alle under møtet. Vi vaskar aktuelle berøringsflater som til dømes stolar, dørhandtak, teknisk utstyr, toalett før møta. I tillegg har vi rikeleg med såpe og vatten og antibac slik at alle kan vaske hendene ved inngangen. Vi er også pålagt å registrere alle som møter - det vil vi sjølvsagt også fylgje opp.






mouseover