Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bøn

Torsdag

19:30

Undervisning ved Terje Rygg,

Fredag

17:00

Jonsokfeiring på Helgatun.

17:00

Litteraturmisjonens sommarstevne på Stølsdokken.

Søndag

18:00

Terje Rygg talar. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Artiklar

Korleis er det når de kjem saman?

| publisert: 22.06.2014 | Gunnar

bilde

Kristne samlingar har i større og større grad vorte eit arrangement der nokre få aktørar formidlar noko til ei relativt passiv forsamling. Dette passar ikkje heilt med det idealet vi kan lese om i Bibelen. Der er Kristi forsamling omtala som ein kropp der kvar einskild er eit lem med ein spesiell funksjon. Alle lemene skal tene kvarandre, kvar på sitt vis. Ikkje alle tenestene er verbale, mange av dei er praktiske, men ikkje mindre viktige av den grunn. Når det gjeld samlingane skriv Paulus fylgjande i 1. korintarbrev 14. 26:  Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, då har kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunge eller ei tyding: Lat alt vera til oppbygging.  For at vi alle skal kunne få fortelle om ting som vi har opplevd, arrangerer vi frå tid til anna såkalla delemøte.  I slike møte kan vi også samtale om aktuelle tema eller be for ting som vi ysnkje hjelp med.






mouseover