Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bønemøte

Onsdag

11:00

Føremiddagstreff

Torsdag

19:30

Undervisning, samtale og bøn, Stig Lekardal underviser

Fredag

20:00

Ikkje One80.

Laurdag

21:00

Ope Hus

Søndag

18:00

Stig Lekardal talar og syng. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Artiklar

Dåp,- Kva er det?

| publisert: 16.05.2014 | Gunnar

bilde

Ordet for å døype som er brukt i bibelen, har tydinga å dukke noko under. Det er i utgangspunktet ikkje noko sakralt ord, men eit ord som vart brukt om hendingar i dagleglivet. Når t.d. den spedalske hærføraren Naaman i 2. kongebok 5. vart fortalt at han skulle gå og dukke seg 7 gongar i jordan, så brukte profeten Elisa same ordet som andre stader i bibelen vert brukt om å døype. Det treng ikkje ligge noko åndeleg i det, men det viser likevel noko om korleis dåpen gjekk føre seg, - dei vart dukka under. Sidan det var eit kvardagsord også Jesus bruka, så høyrde nok misjonsbefalinga slik ut i deira øyre som høyrde det på den tida: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer (lær) alle folk til læresveinar, i det de dukkar dei i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Og sjå, eg er med dykk alle dagar inntil verdens ende.

Dersom ein på den tida skulle spørre nokon om dei var døypte, så ville det høyrest ut som vi spurde: Er du dukka? Eg reknar med at spørsmålet vidare måtte føre til ein del forklarande runder.

bilde

Kvifor døype seg?

Når vi døyper oss, så er det fyrst og fremst fordi Jesus ber oss om å gjere det. Alle menneske, heilt frå Adam og Eva si tid, har hatt ein dom hengande over seg. Gud sa nemleg til Adam og Eva: Den som et av dette treet skal døy. Vi veit kva som skjedde, og likeeins veit vi at seinare slekter ikkje har vore noko bedre. Vi har alle synda, og difor har vi også gjort oss skuldige til den same straffa. Gud gjennomførde ikkje straffa, men likevel så minna han stadig folket om dette ved alle dei ofringane som skjedde i det gamle testamente. Igjen og igjen måtte eit skuldlaust og lytelaust lam døy. Hebrearbrevet seier at desse offera ikkje tok bort synda, men berre minna folket om syndene deira (Herb. 10.1-3). Til slutt kom Jesus som den endelege løysinga: Han døydde i staden for meg, og sona såleis mi dødsstraff.
Når det gjeld vårt forhold til det gamle livet og skulda som vi tidlegare hadde, så kan vi no rekne oss som døde. Ingen har noko krav mot oss lengre.


bilde

Du kan gå i di eiga gravferd.

Det er i den samanhengen at dåpen kjem inn. Fordi vi er døde frå synda, skal vi også gravleggast med Kristus. I Paulus' brev til romarane kap. 6.kan vi lese om dette: Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større? Langt ifrå! Vi som er døde frå synda, korleis skulle vi enno leva i synda? Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus, vart døypte til døden hans? Vi vart altså gravlagde med han ved dåpen til døden, så at liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens herlegdom, slik skal vi òg ferdast i eit nytt liv.


bilde

Oppstandelsen

Dåpen er ei gravferd der vi tar farvell med det gamle. Men det er også ei oppstode til å leve eit nytt liv saman med Kristus, i hans kraft. Ein ny start med blanke ark, utan gjeld . Som Guds barn seier dessutan bibelen (Rom. 8.17) at vi er Guds arving og Kristi medarving. Vi er såleis ikkje berre gjeldfri, men vi har også fått "pengar på konto", for å bruke bildet fullt ut.


Kven kan verte døypt?

Då Fillip vart sendt ut i øydemarka for å treffe hoffmannen frå Etiopia, samtalte dei to om Jesu død for våre synder. Etter ei stund spurde hoffmannen: Her er vatn, kva er til hinder for at eg vert døypt? Filip sa: Trur du av heile ditt hjarta, så kan det gjerast. Men han svara og sa: Eg trur at Jesus Kristus er Guds son! Så baud han at vogna skulle stogga. Og dei steig ned i vatnet begge to, både Filip og hoffmannen, og han døypte han. (Ap. 8.36-38)
Trur du såleis at Jesus, som Guds son døde for di synd, og du difor også ynskjer å legge ditt gamle liv bak deg, så kan du verte døypt. Dåpen på Betel er ei frivilleg handling, og det fører ikkje til noko medlemskap av noko slag. Vi har såleis ofte opplevd at også kristne som har og framleis ynskjer å ha si tilknytning til andre veneflokkar ber om å verte døypt på Betel.


Korleis skjer dåpen?

Det er vanlegvis ein person som døyper, og ein person som vert døypt i gongen. Ein går ut i vatnet så ein har vatn omlag til beltestaden. Før ein vert døypt, får ein vanlegvis eit spørsmål om ein trur at Jesus er Guds son, og det er venta at ein stadfester det.
Den som skal døypast faldar vanlegvis hendene sine hendene sine og held dei omlag på magen eller litt lengre oppe. Den som døyper, legg så ei hand på ryggen og ei hand over hendene til kandidaten og legg dåpskandidaten baklengs ned i vatnet, for så straks å løfte han opp igjen. Ein er truleg ikkje under vatnet meir enn 5 sekund. Når ein så er døypt, går kandidaten opp av vatnet og til ein stad der ein kan skifte på seg tørre kle. Når dåpshandlinga er ferdig, ber ein gjerne Guds signing over den som har vorte døypt.


mouseover