Betel denne veka

Tysdag

1800

Bønemøte

Søndag

19:00

Kjell Ohldieck talar. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Artiklar

Sylv og gull har eg ikkje, men ---

| publisert: 14.11.2013 | Gunnar

bilde

Peter og Johannes skulle opp i templet då dei møtte på ein lam tiggar som bad om almisse. Peter stoppa opp og sa: Sylv og gull har vi ikkje, men det som vi har, det gir vi deg. I Jesu Nasarearens namn, stå opp og gå.
Du kjenner deg kanskje igjen i fyrste delen av Peters ord: Du har ikkje så mykje sylv og gull, og den krafta som kan helbrede ein lam mann, har du kanskje heller ikkje lært deg å bruke. Difor finn du kanskje ikkje så mykje trøst og oppmuntring i dette ordet.

Set fokus på det som du har

OK. Du har kanskje ikkje Peter si utrustning, men eit eller anna har også du fått, og det er det du kan trekkje fram når du møter utfordringar. Profeten Elisa kom ein dag heim til ei enkje som heldt på å gå konkurs. Ho såg ingen utveg, men rekna med å verte selt som slave, både ho og borna hennar. Då Elisa høyrde om dette, spurde han enka: Kva har du i huset? Ho hadde ingen ting anna enn ei krukke med olje. Elisa fortalde kva ho skulle gjere med den oljekrukka, og då ho gjorde som ho fekk beskjed om, vart oljen så velsigna at ho kunne selge den og få pengar nok til å betale heile gjelda si.
Du skal aldri svare for det som du ikkje har, men Gud utfordrar oss til å bruke det som vi har. Du har kanskje tid, du har evne til å vise omsorg, du kan lage mat, du kan vaske, du kan snikre, du kan mekke. Eg veit ikkje kva du kan, men når du får ei utfordring der du ikkje strekkjer til, så svar: Det kan eg ikkje, men dette kan eg.
Og dersom du berre har sylv og gull, ja så kan kanskje det også brukast? ;-)






mouseover