Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bønnemøte

Søndag

17:00

Jonsokfeiring på Helgatun. Sal av rjomegraut, vårrullar og kaker.

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Circle K og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Artiklar

Liv med Overskot!

| publisert: 05.02.2011 | Gunnar

bilde

Vi møter alle overskotsmenneske, menneske som alltids synest å ha tid, energi og givarglede til overs. Nokre av desse har nok eit godt apparat omkring seg heime som tar seg av alt som vert forsømt, det og dei skal ikkje gløymast.

Eg er også klar over at kåra ikkje er like for alle. Somme menneske har ein tøffare kvardag enn andre, og ein skal såleis ikkje utan vidare samanlikne seg med andre. Men kva det enn kjem av, Det ser ut til at nokre menneske har meir overskot enn andre.

I forretningslivet er eit overskot avhengig av to faktorar: inntekter og utgifter. Det er ikkje hjelp i kor store inntektene er, dersom utgiftene er større. Då er det viktig å kunne skille mellom dei nødvendige og dei unødvendige utgiftene. I daglegvarebransjen er overskotet trua av tjuveri. Ikkje innbrotstjuvar, men mange små tjuvar som til saman tappar forretningane for store verdiar. Dei øydelegg overskotet.


I Johannes ev. kap. 10. vers 6, kapittelet der Jesus snakkar om seg sjølv som den gode hyrde, seier han at han "er komen for å gi liv, ja liv i overflod." Det har vore mange utleggingar om det å ha liv i overflod. Eg trur ikkje det er meint eit liv med eit stort forbruk, men eit liv der vi har noko til overs også for andre menneske. Sjølv om uttrykka ikkje er identiske, trur eg ikkje at vi gjer noko gale ved å seie at Jesus gir oss overskot til å leve. Dette overskotet er avhenging både av positiv tilførsel av energi gjennom den Heilage ande, og ved reduksjon av ein del tapsbringande postar.
I verset før snakkar Jesus om tjuven som kjem for å stele, drepe og øydelegge.
Jesus, som den gode hyrde vil hjelpe oss å halde den tjuven, eller om vi vil, alle dei små tjuvane på avstand.


I Galatarbrevet kapittel 5, er det omtala mange mentale og fysiske aktivitetar som øydelegg for oss menneske. Det er snakk om fiendskap, trette, avundsjuke, sinne, æresjuke, kløyvingar (splittelsar), parti, misunning, mord, drikk, svir, hor, ureinskap, skamløyse og meir slikt.


Bibelen talar om dette som aktivitetar som har sitt utspring i den sjølvopptekne menneskenaturen. Ser ein nærmare på desse aktivitetane, vil ein sjå at dei har evne til å syge livskrafta og livsgleda ut av oss på ein slik måte at vi blir heilt tafatt. Eg trur at dette er nokre av dei små tjuvane som tar bort overskotet i livet vårt.
I same kapittelet får vi vite at den heilage Ande gir kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde, sjølvtøyming. Alt saman eigenskapar som gjer at vi blir menneske som er gode å leve saman med.


Jesus lovde oss kraft i det den heilage ande kom over oss. Kraft til å leve. Samtidig må vi vere villege til å la Jesus ta seg av tapskontoane våre, dei mange kortsiktige, egoistiske utslaga av menneskenaturen. Dersom ikkje, blir det som å fylle vatn i eit badekar der proppa ikkje er sett i. Det er mitt ynskje at vi gjennom forsamlinga sitt virke skal få vere med å gi folk overskotet tilbake. Det var difor Jesus kom, for å gi liv, ja liv med overskot.


mouseover