Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bønemøte

Onsdag

11:00

Føremiddagstreff

Torsdag

19:30

Undervisning, samtale og bøn, Stig Lekardal underviser

Fredag

20:00

Ikkje One80.

Laurdag

21:00

Ope Hus

Søndag

18:00

Stig Lekardal talar og syng. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Artiklar

Det er forskjel på ei lærarutdanning og ei lærarstilling
Tankar om nådegåver, tenester og kraftige verknader.

| publisert: 02.03.2010 | Gunnar

bilde

I 1. korinterbrev kapittel 12 underviser Paulus om tenester, nådegåver og kraftige verknader. Mykje av dette har vi lita erfaring med i forsamlingane våre. Vi har nok opplevd både tungetale, tyding, profeti, visdomstale og mykje meir, men den breidda både når det gjeld nådegåver, tenester og kraftige verknader som bibelen talar om, ser vi desverre mindre av i dagens forsamlingsliv. Somme har difor trekt den slutninga at desse sidene av Guds ord berre var for dei fyrste kristne og ikkje for oss i dag. Ved å seie noko slikt, gjer vi vår eigen praksis til norm og reduserer samtidig Guds tilbod og lovnader. Tvert om trur eg at alle område av livet der vår praksis ikkje stemmer med Bibelen, der har vi eit vekstpotensiale. Slik også når det gjeld tenester, nådegåver og kraftige verknader. No må det likevel innrømmast at det kan vere vanskeleg å undervise om noko som ein berre har teoretisk kjennskap til.  Ein må difor alltid ta høgde for at ein berre ser stykkevis, men likevel be om å få meir lys over tema etter kvart.

bilde

Noko av det som eg synest å legge merke til i dette kapitlet, er Paulus si oppdeling i nådegåver (utrustning), tenester (embede) og kraftige verknader. Ja, det ser jamvel ut til at desse områda er knytte opp til dei tre ulike personane i guddomen, den heilage Ande, Herren (Jesus) og Gud (Faderen). Det er såleis forskjel på å ha nådegåva til å tale profetisk (1. kor 12.10) og å ha embedet som Profet, slik som vi ser omtala i Efesarbrevet 4.11. Det kan kanskje samanliknast med det å vere utdanna som lærar (utrustning/ nådegåve) og det å ha ei lærarstilling (embede).


bilde

Dersom vi så skal dra samanlikninga eit steg vidare, kan vi seie at det kan vere vanskeleg å fylle eit embede, sjølv om ein både har utdanning (utrustning) og stilling, dersom oppdragsgjevar ikkje løyver ressursar til arbeidet. Vi veit at det t.d. innan politiyrket stadig har vore ein ubalanse her. Ei stund var det godt med politistillingar ledige, men på langt nær nok politifolk utdanna. Så auka dei opptaka ved politiskulen, så mange fleire vart utdanna, men så stramma dei inn på løyvingane, slik at politimennene ikkje hadde lov til å rykke ut. Ein hadde såleis nok utdanna, ein hadde nok stillingar, men ikkje nok pengar til at politiet fekk gjere jobben sin.


bilde

Her kjem vi så inn på den tredje delen av 1. kor 12. Eg kan ikkje seie kva som er forskjellen på nådegåva til å gjere undergjerningar (v.10) og kraftige verknader (v.6), men Paulus seier at det er forskjel på desse tinga. Ut frå namnet, må vi i alle fall kunne rekne med at Gud på ein eller annan måte ynskjer vere med og stadfeste ordet sitt med kraftige verknader. Lat oss difor be om at forsamlingane våre kan verte utrusta med alle dei tenester, nådegåver og kraftige verknader som Guds ord omhandlar.




mouseover