Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bøn

Torsdag

19:30

Undervisning ved Terje Rygg,

Fredag

17:00

Jonsokfeiring på Helgatun.

17:00

Litteraturmisjonens sommarstevne på Stølsdokken.

Søndag

18:00

Terje Rygg talar. .

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Artiklar

Kvifor klatrar folk på Betel i gardinene?

| publisert: 29.11.2009 | Gunnar

bilde

Vi stiller spørsmålet til Lilly Engeset. For nokre er ho kjend som barnehagetante, for nokre som tidlegare misjonær i Swaziland, men dei fleste kjenner henne kanskje best som mangeårig jordmor ved Fylkessjukehuset i Volda.

Klatrar i gardinene? Nei, det har eg ikkje opplevd, korkje på gamle eller Betel.

Er det sant at ein talar ein gong vart så ivrig at han hoppa over talarstolen? Det måtte i så fall vere ein sprek talar, men eg har aldri sett noko slikt.

Når folk på Betel vert verkeleg ivrige, har eg høyrt at dei brukar å springe på benkeryggane. Stemmer ikkje det? Eg skulle for min del ynskje at eg var så sprek at eg kunne få til noko slikt, men for å vere seriøs og ærleg, så har eg heller aldri sett noko slikt skje.

Tungetale

Men er det ikkje noko som ein framand ville oppleve rart på Betel? Det spørs litt kva slags bakgrunn ein har frå før. Nokre opplever det rart å høyre ulike folk be høgt. Dei fleste reagerer nok også når dei høyrer folk snakke i tunger for fyrste gong. Snakke i tunger? Kva er det? Det er ein person som snakkar i eit uskjøneleg språk. Det kan enten vere ei bøn til Gud, eller det kan vere ein bodskap frå Gud til oss. Kva det er, kan vi ikkje vite utan at nokon tyder det som vert sagt. Korleis kan ein tyde noko slikt? Må ein då kunne mange språk? Nei, den som tyder tungetale må ha ei spesiell gåve til å gjere det. Kan vi alltid stole på det som kjem fram i tungetale og tyding? Nei, det kan vi ikkje. Bibelen lærer oss ein del om tungetale, og den seier at det som vert sagt i tungetalen må prøvast. Dersom det ikkje stemmer med Bibelen, kan vi slå fast at det er feil.


Dåp

Når de døyper folk, Kvifor held de då folk under vatnet til dei ser ein hane? Det veit eg heller ikkje. Vi har ikkje tankar om at dei skal sjå noko som helst. Det er sant at vi dukkar folk heilt under vatnet, men så tar vi dei opp att med ein gong. Folk er såleis under vatnet berre nokre få sekund. Men kvifor dukkar de folk heilt under? Det gjer vi fyrst og fremst fordi Bibelen lærer oss det. Ordet som blir brukt for å døype på språket som Bibelen vart skriven på, betyr kort og godt å dukke noko under. Bibelen lærer oss vidare at dette er eit vitnemål om at vårt gamle liv er forbi, og vi får på ein måte gravlegge heile fortida vår og stå opp til eit nytt liv. Mange opplever det svært frigjerande å kunne kvitte seg med fortida si. Det er forresten noko som eg trur alle har glede av, seier Lilly Engeset til slutt.





mouseover