Betel denne veka

Tysdag

18:00

Bønemøte

Torsdag

19:30

Undervisning, samtale og bøn,

Fredag

20:00

One80.

Laurdag

21:00

Ope Hus

Søndag

18:00

Møte. .

[vidare framover]


Noko å tenkje på.....

Her finn du oss

Betel ligg i Industrigata 11, like ved rutebilstasjonen, Statoil og Rokken. Lokalet vert vanlegvis låst opp 30 minutt før kvar samling. Du er alltid velkomen til Betel. 


Ein stad å høyre til

Vi ynskjer at Betelforsamlinga skal vere ein stad der du kan oppdage kva ressursar du sit inne med og at du skal verte oppmuntra til å bruke dei gåvene som du har fått. I eit felleskap som vårt, er det alltid plas til fleire. Du er alltid velkomen til Betel. 


Visjon for Betel

Vi vil gjennom bøn og arbeid gå inn for at Betel skal
- vere ein trygg og open heim der vi skal kjenne at vi høyrer til, der vi gir varme og syner omsorg for kvarandre. ( Atmosfære og omsorg )
- vere ein stad der vi blir dyktiggjort og ansvarleggjort i tenesta og oppmuntrar kvarandre til å bruke dei gåvene som vi har fått. (Dyktiggjering og aktivisering)
- vere utadretta på ein slik måte at nye vert dregne til Jesus og fellesskapet, nært og fjernt.
 


Ynskjer du å få bruke deg sjølv?

Dersom du ynskjer å bruke gåver som du har innanfor musikk, barnearbeid, forkynning eller praktiske givnader, er det berre å ta kontakt med ein av leiarane i forsamlinga.  


Misjon

Forsamlinga på Betel i Volda har opp gjennom tidene hatt mange utsendingar. Forsamlinga har hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Argentina, Grønland, Japan, Hong Kong og no støttar ein m.a. Svend Svendsen som er på Sri Lanka. Svend arbeider der på misjonstrykkeriet New Life Literature, som trykker biblar og kristen litteratur for mange misjonsfelt. I tillegg støttar vi Barneheimsarbeid i Swaziland, og to prosjekt med bibeldistribusjon i Kina og Kenya. 


Interessert i Radioarbeid?

Til radioarbeidet har vi bruk for både programskaparar og teknikkarar. Vi er alle berre amatørar og lærer etter kvart som vi arbeider, m.a. ved at vi lærer av kvarandre sine erfaringar og kunnskapar. Vil du vere med på laget, er det berre å ta kontakt med einkvan av oss.  [Bygderadio Vest]  


Bøneliste

Når ein kjem til kort med eigne ressursar, kan ein gjennom bøn koble seg til Guds ressursar. Dess før ein gjere det, dess bedre vert resultatet. Dersom nokon synest at det kan vere nyttig å halde orden på bøneemna sine, både personlege, for familie, forsamling og misjon, kan ein laste ned ei bøneliste i botnen av denne artikkelen. 


 


 


 


 


Korleis er det når de kjem saman?

Artikkel| publisert: 22.06.2014 | Gunnar

bilde

Kristne samlingar har i større og større grad vorte eit arrangement der nokre få aktørar formidlar noko til ei relativt passiv forsamling. Dette passar ikkje heilt med det idealet vi kan lese om i Bibelen. Der er Kristi forsamling omtala som ein kropp der kvar einskild er eit lem med ein spesiell funksjon. Alle lemene skal tene kvarandre, kvar på sitt vis. Ikkje alle tenestene er verbale, mange av dei er praktiske, men ikkje mindre viktige av den grunn. Når det gjeld samlingane skriv Paulus fylgjande i 1. korintarbrev 14. 26:  Korleis er det då, brør? Når de kjem saman, då har kvar av dykk ein salme, ein lærdom, ei openberring, ei tunge eller ei tyding: Lat alt vera til oppbygging.  For at vi alle skal kunne få fortelle om ting som vi har opplevd, arrangerer vi frå tid til anna såkalla delemøte.  I slike møte kan vi også samtale om aktuelle tema eller be for ting som vi ysnkje hjelp med.

Dåp,- Kva er det?

Artikkel| publisert: 16.05.2014 | Gunnar

bilde

Ordet for å døype som er brukt i bibelen, har tydinga å dukke noko under. Det er i utgangspunktet ikkje noko sakralt ord, men eit ord som vart brukt om hendingar i dagleglivet. Når t.d. den spedalske hærføraren Naaman i 2. kongebok 5. vart fortalt at han skulle gå og dukke seg 7 gongar i jordan, så brukte profeten Elisa same ordet som andre stader i bibelen vert brukt om å døype. Det treng ikkje ligge noko åndeleg i det, men det viser likevel noko om korleis dåpen gjekk føre seg, - dei vart dukka under. Sidan det var eit kvardagsord også Jesus bruka, så høyrde nok misjonsbefalinga slik ut i deira øyre som høyrde det på den tida: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer (lær) alle folk til læresveinar, i det de dukkar dei i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage Ande. Og sjå, eg er med dykk alle dagar inntil verdens ende.

Dersom ein på den tida skulle spørre nokon om dei var døypte, så ville det høyrest ut som vi spurde: Er du dukka? Eg reknar med at spørsmålet vidare måtte føre til ein del forklarande runder.  [meir ]

Sylv og gull har eg ikkje, men ---

Artikkel| publisert: 14.11.2013 | Gunnar

bilde

Peter og Johannes skulle opp i templet då dei møtte på ein lam tiggar som bad om almisse. Peter stoppa opp og sa: Sylv og gull har vi ikkje, men det som vi har, det gir vi deg. I Jesu Nasarearens namn, stå opp og gå.
Du kjenner deg kanskje igjen i fyrste delen av Peters ord: Du har ikkje så mykje sylv og gull, og den krafta som kan helbrede ein lam mann, har du kanskje heller ikkje lært deg å bruke. Difor finn du kanskje ikkje så mykje trøst og oppmuntring i dette ordet.
  [meir ]

Har vi bruk for den Heilage Ande?

Artikkel| publisert: 23.05.2010 | Gunnar

bilde

Ofte tenkjer vi på Den Heilage Ande som eit kjennemerke på menneske som er "ekstra åndelege", og vi vanlege døyelege vil kanskje tenkje at det ikkje er noko for oss.
Når ein ser etter i bibelen, vil ein sjå at Den Heilage Ande er godt nytt for den motlause, kraftlause, kranglefanten som lengtar etter kjærleik, glede og fred, men som ikkje får det til.
Den Heilage Ande er eit gode for alle som har bruk for kraft i kvardagen, enten det gjeld å vinne over dårlege legningar, få  nytt livsmot, oppleve glede og fred, eller utrustning til å tene i Guds rike.

Det er forskjel på ei lærarutdanning og ei lærarstilling
Tankar om nådegåver, tenester og kraftige verknader.

Artikkel| publisert: 02.03.2010 | Gunnar

bilde

I 1. korinterbrev kapittel 12 underviser Paulus om tenester, nådegåver og kraftige verknader. Mykje av dette har vi lita erfaring med i forsamlingane våre. Vi har nok opplevd både tungetale, tyding, profeti, visdomstale og mykje meir, men den breidda både når det gjeld nådegåver, tenester og kraftige verknader som bibelen talar om, ser vi desverre mindre av i dagens forsamlingsliv. Somme har difor trekt den slutninga at desse sidene av Guds ord berre var for dei fyrste kristne og ikkje for oss i dag. Ved å seie noko slikt, gjer vi vår eigen praksis til norm og reduserer samtidig Guds tilbod og lovnader. Tvert om trur eg at alle område av livet der vår praksis ikkje stemmer med Bibelen, der har vi eit vekstpotensiale. Slik også når det gjeld tenester, nådegåver og kraftige verknader. No må det likevel innrømmast at det kan vere vanskeleg å undervise om noko som ein berre har teoretisk kjennskap til.  Ein må difor alltid ta høgde for at ein berre ser stykkevis, men likevel be om å få meir lys over tema etter kvart.
  [meir ]

Rik nok!

Artikkel| publisert: 31.01.2010 | Gunnar

bilde

I Romarbrevet 10.12 står det at Herren er rik nok for alle som kallar på han.
Vi er så vande med å tenkje på ressursar som avgrensa at vi ofte også overfører det til Gud. Når stortinget skal vedta eit budsjett, har dei vanlegvis ei kostnadsramme som dei skal halde seg innanfor. Pengane vert så fordelte til ulike formål rundt om i landet vårt. Dei som har kjempa for eit prosjekt jublar over tilskot som dei har fått, medan andre har fått avslag eller må vere nøgde med lovnad om tilskot langt fram i tid. Ofte veit ein på førehand at om eit prosjekt vert vedtatt, vil det føre til magre år i mange år for andre prosjekt i regionen. Slik er det ikkje med Gud. Han driv ikkje og fordeler avgrensa midlar etter beste evne. Hans ressursar er uendelege, og han er rik nok for alle. Det er difor ingen grunn til å vere misunneleg på folk som vert velsigna av Gud. Gud gjer ikkje forskjell på folk og han er rik nok for kvar av oss, om vi berre kallar på han.

Det er ikkje noko gale med ein gaffel!

Artikkel| publisert: 10.01.2011 | Gunnar

bilde

Som menneske har vi ein tendens til å samanlikne oss med kvarandre. I denne samanlikninga kan ein ofte finne område både ved seg sjølv og andre der ein ikkje strekkjer til. Det kan vere felt der ein  ikkje når opp til den standarden ein måtte ynskje, og andre som er gode på desse områda, dei har kanskje manglar på andre område.
 Ingen av oss er gode på alt, men <i>alle er vi gode på noko</i>.
Tenk deg dei ulike reiskapane som du har på kjøkkenet. Vi treng ikkje å gå lengre enn til kniv, skei og gaffel. Dersom ein gaffel aldri fekk prøve seg på anna enn suppe, ville han heilt sikkert gå gjennom "livet" og kjenne seg som ein tapar. Han fekk det aldri til. Ein kniv ville nok ikkje hatt det så mykje bedre. Skeia derimot, ville finne seg vel til rette. Tenk deg så vidare kva som ville skje om vi berre hadde skeier. Det ville ikkje vore godt korkje å skjere noko eller få tak i noko som helst som ikkje ville ligge i ro i ei skei. Poenget er at vi må bruke reiskapane til det som dei er laga til. På same måten <i>må vi også sjå etter kva vi sjølve og andre gode til, og så må kvar einskild få bruke nettopp dei eigenskapane.</i> Ja, bibelen seier at vi skal by oss fram til bruk (Rom. 12.1) Det er ikkje noko gale med ein gaffel, men han må få brukast til det han er god til.

Kvifor klatrar folk på Betel i gardinene?

Artikkel| publisert: 29.11.2009 | Gunnar

bilde

Vi stiller spørsmålet til Lilly Engeset. For nokre er ho kjend som barnehagetante, for nokre som tidlegare misjonær i Swaziland, men dei fleste kjenner henne kanskje best som mangeårig jordmor ved Fylkessjukehuset i Volda.

Klatrar i gardinene? Nei, det har eg ikkje opplevd, korkje på gamle eller Betel.

Er det sant at ein talar ein gong vart så ivrig at han hoppa over talarstolen? Det måtte i så fall vere ein sprek talar, men eg har aldri sett noko slikt.

Når folk på Betel vert verkeleg ivrige, har eg høyrt at dei brukar å springe på benkeryggane. Stemmer ikkje det? Eg skulle for min del ynskje at eg var så sprek at eg kunne få til noko slikt, men for å vere seriøs og ærleg, så har eg heller aldri sett noko slikt skje.
  [meir ]

Betel Volda, ei aktiv misjonsforsamling

Misjon| publisert: 05.05.2013 | Gunnar

bilde

Betel i Volda har alltid vore ei aktiv misjonsforsamling. Det er ikkje nok at vi berre får orden på vårt eige Guds-forhold, men det har alltid vore ein brann for at også andre skal få oppleve det same. Ikkje berre sambygdingar, men Guds tilbod, evangeliet, må nå til alle folkeslag.
Difor kjendest det naturleg å sende eit ungt ektepar til Kenya som misjonærar alt i 1912. Det var Martha og Mathias Støve som då, heilt nygifte, reiste til Britisk Aust Afrika, i dag Kenya, som misjonærar.
I 1957 reiste Lilly Engeset til Swaziland i same oppdrag. Ho var utdanna jordmor og hadde også ei brei erfaring i barne- og ungdomsarbeid bak seg. Ho fekk vere med å starte og drive eit banebrytande arbeid saman med andre misjonærar frå DFEF.
Midt på 60-talet reiste ei anna familie frå Volda til Grønland. Det var Eldbjørg og Per Håskjold med famile. Per hadde tidlegare arbeidd som dykkar på Grønland og sett den djupe nauda der. Dette opplevde han som eit kall til at også grønlendarane skulle få oppleve Guds kraft i liva sine.
Ikkje mange åra seinare, reiste broren Åge Håskjold med familie til Argentina. Også dei som misjonærar. Tilsvarande har Ada og Harald Elvegård vore mange år i Japan. Like eins Edit og Hans Reite. Betty og Gunnar Andås har vore i Hong Kong, og dei seinare åra har Svend Svendsen tenestegjort på misjonstrykkeriet New Life Literature på Sri Lanka.


Ynskjer du nokon å snakke med?

Betel i Volda har eigen kontakt-telefon som er open kvar kveld mellom klokka 21:00 og 23:00. Ynskjer du nokon å snakke med, er det berre å ringe telefon nr. 70 07 93 50. 


De Frie Evangeliske Forsamlinger

Betel i Volda reknar seg å vere ei av dei mange frie evangeliske forsamlingane i Norge. Kvar forsamling er sjølvstendig og har Bibelen som einaste rettesnor for liv og lære. Andre tilsvarande forsamlingar kan ein finne på heimesida til DFEF i Norge.  [De Frie Evangeliske Forsamlinger]  


Gåver med skattefrådrag?

Gåver til Betelforsamlinga er godkjende for skattefrådrag. Frå og med 2016 kan ein trekke frå inntil 20 000 kr pr år. Ved å betale inn pengar til Betels bankkonto, kan du sjølv krysse av kva formål pengane skal gå til. Gåver, store eller små, kan betalast inn til Betels bankkonto i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Kontonummeret er 3991.35.37290.
Vil du spesielt støtte Betels radioarbeid, kan du betale inn til Kontonummer for radioarbeid: 3991.04.73100  


Det Gode Budskap

Dersom du vil vite meir om kva som skjer innan DFEF, samt få mykje oppbyggeleg stoff, vil vi anbefale Det Gode Budskap. Bladet kjem ut ein gong pr måned.  [Det Gode Budskap]  


Korsets Seier sin artikkel om Ope Hus

Fleire aviser og magasin har frå tid til anna skrive om Ope Hus på Betel. Korsets Seier hadde ein journalist innom i fjor haust. For den som ikkje har sett artikkelen, så kan de finne den på linken under.  [Korset Seier om OPE HUS]  


Det er mangt som skal fungere

Det er mangt og mykje som skal fungere i eit møte, og det er mange tenester som ein er avhengig av . Trond har m.a. godt tak på lyd og pc'en som matar videoprojektoren med songtekstar. 


Andakter på Omsorgssenteret

Omlag ein gong pr. mnd er ei andaktsgruppe frå Betel på Omsorgsenteret. Det er ei triveleg stund der vi syng, spelar og deler Guds ord saman. 


Sagt om Alkoholen....

Alkohol er eit løysemiddel.
Det løyser opp familier og ekteskap,
- tar bort lykke, tryggleik, framgang, intimitet og kjærleik.
- Tar også bort visjonar, håp og økonomisk inntekt,
- og til slutt, -den fysiske helsa.
OBS. Det einaste som alkoholen ikkje løyser er problem!
 


Eit fornyande avbrekk?

Av og til kan det vere sunt å ta eit avbrekk frå det daglege. Eit slikt avbrekk kan m.a. vere eit halvår eller eit år på Bibelskule. Bibelskulen LEV i Drammen er i så fall eit godt tilbod. Her får ein god bibelundervisning, dyktiggjering til praktisk menighetsarbeid og mange positive opplevingar i eit godt miljø. Dersom du trur ein bibelskule er noko for deg, kan du kontakte skulen på fylgjande adresse:
http://www.levdrammen.no
Knoffsgt.6, 3044 Drammen
Telefon: +47 474 55 336
Epostadresse: post@levdrammen.no
  [LEV Bibelskule i Drammen]  


Leirarbeid

Sidan 1954 har Betelforsamlinga kvart år hatt ein eller fleire junior- eller tenåringsleirar. Det starta opp i Austefjorden, men siste åra har dei fleste leirane vore haldne på Helgatun. Det er svært mange frå distriktet vårt som har gode minne frå desse leirane.  [Helgatun]  


DFEF feirar 100 år som misjonsorganisasjon

Under De Frie Evangeliske Forsamlingers landsmøte i Drammen i 2010, feira ein m.a. at det då var 100 år sidan dei fyrste misjonærane reiste ut for DFEF. Betel i Volda var ikkje langt etter, etter som forsamlinga sende ut si fyrste misjonærfamilie alt i 1912. Det var Marta og Mathias Støve som då reiste frå Volda til Kenya (Britisk Austafrika).
DFEF har i dag misjonærar eller misjonarbeid i Argentina, Brasil, England, Frankrike, India, Japan, Latvia, Mexico, Spania, Sri Lanka, Swaziland og Thailand.
I tillegg er dei også engasjert i arbeid i Grønland og i Ukraina.
Betel i Volda har opp gjennom åra hatt misjonærar i Kenya, Swaziland, Grønland, Argentina, Japan, Hong Kong og Sri Lanka.
Dei Frie Evangeliske Forsamlingar, eller dei frie vener, som dei fyrst, og ofte framleis vert kalla, har sitt opphav frå 1800-talet, men som misjonsorganisasjon, feirar ein i år 100- årsjubileum.
Sjå elles stykke i DagenMagazinete om same emnet.  [DagenMagazinet]  


Bygderadioen

Kvar Søndag kl. 11.00 og 20:00 kan du høyre ein tale frå Betel overført på Bygderadio Vest. Talen er eit opptak frå eit møte i forsamlinga. Like eins kan du høyre eit samtaleprogram som forsamlinga har ansvaret for på same stasjonen omlag ein gong pr. måned kl. 21.30. Frekvensane til Bygderadioen finn du under eige avsnitt.  [Frekvensar]